Eg bruker for det meste kinesisk treolje til treskilta, og legg på minst 2 lag. Påfyll av olje ca 1 gong i året alt etter værforholda og kor dei står.
Skjærebretta vert metta med matvennlig olje og ein vaskar dei med såpe og vatn for hand etter bruk, tørkar av og setter så til
sides, helst oppreist. Ikkje legg i oppvaskmaskin eller under vatn. Det vil
føre til at skjærebrettet vrir seg og treet sprekk.
Eik
er spesielt hygienisk, dette er fordi tresorten naturleg inneheld høg mengde av
garvesyre, som er bakteriedrepande og gjer treslaget svært godt egna for
skjærebrett.
Til treskåler vert brukt danish oil, rensa parafinolje el. bør vedlikehaldast med olje ei gong i året alt etter bruk. For spørsmål om dette bruk kontakt skjema eller mail.